Sjølv om kalenderen syner slutten av august og hausten truar med sine tunge skyer og dropar, er eg ikkje heilt klar for å gje slepp på dei lange lyse sumarkveldane. Denne sumaren har gått så altfor fort sjølv om eg har hatt mange fridagar og få jobbdagar. Høgdepunkta er mange: Eg har løpt etter villsau, plukka blåbær, sove under open himmel, padla, hatt tid til den gode samtalen, ledd til magen gjer vondt, ete reker, is og jordbær. Flykta frå sommarregn, smilt om kapp med sola og høyrt måkeskrik og plasking.
![]() |
| Imponerande steinhytter på Hardangervidda |
![]() |
| Det vart bruk for 'Girlcard' på padletur |
![]() |
| Stillheten etterpå |
![]() |
| Solnedgang i Søgne |




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar