lørdag 25. desember 2010

God Jul!



7, nei 8 sortar julekaker i boksane. Leiting etter det finaste juletreet i skogen. Fuglane sloss om frøa. Vaska golv og vindu. Tørka støv og ta oppvask. Pinnakjøt i frå eigne villsau, potet frå åkeren. Kyrkjegong og juletresong. Stappmett. Feiring av åremålsdag i grendahuset. Levande lys. Middagsgjester. Gåvekaos. Krangling med familiemedlemmar. Askepott og nøttene.
På med skia og ut i snøen.


Velsigna Julehelg!

lørdag 11. desember 2010

Julestemning

Å, kor digg det er med juleferien som kom så tidleg i år!





No har eg vore på ein særdeles avslappa julehandel, handla inn klede til diverse julesamankomster med familie og vener og høgdepunktet var på ein sukkersøt kafé med ei enda søte
re venninne.





I skrivande stund kjem det store kvite fnugg i frå himmelen som legg seg som eit kvitt teppe over heile byen, vakkert er det.

tirsdag 7. desember 2010

Nikolaustag


I går sat eg på skulen med hovudet fullt av tyske gloser, studentane rundt meg skreiv som blekket spruta og dei eldre eksamensvaktene vakta oss med haukeblikk.




Då universitetslæraren vår kom på trøysterunde la ho ein sjokolade på pulten min. Det har seg nemleg slik at ein feirer Nikolaustag (Julenissen sin dag) i Tyskland 6. desember.


Nissen kjem på besøk denne dagen og ikkje 24. eller 25. desember
(godt Nissen fordeler arbeidet over fleire dagar :)

søndag 5. desember 2010

Sliter du med studiene?



No i desse dagane kan eg med hjarta i handa seia at eg slit med studiene. Det har seg slik at innan ei lita veke skal hjernen min pressa ut den informasjonen som er relevant til dei fire eksamenane eg er meldt opp i. Kvifor vil eg meg sjølv så vondt og kvar kjem dette til å enda?

Dei siste månadene har eg slurpa i meg uvisse antal kubikkmeter med varm drikke i ulike bruntonar. Då eg kjøpte meg nokre desiliter til for spe på kubikkmetra kom eg over teksten:
"Sliter du med studiene? Forvil ikke!"





Denne trøystande teksten handla om Condé Montrose Nast som utdanna seg til j
urist, men fann seg ikkje tilrette med dette.

Ei livslang historie fortalt svært kort byrja han som annonseseljar og enda opp med å eiga Vanity Fair, House & Garden og Vouge, alle store magasin verda over.