lørdag 25. desember 2010

God Jul!



7, nei 8 sortar julekaker i boksane. Leiting etter det finaste juletreet i skogen. Fuglane sloss om frøa. Vaska golv og vindu. Tørka støv og ta oppvask. Pinnakjøt i frå eigne villsau, potet frå åkeren. Kyrkjegong og juletresong. Stappmett. Feiring av åremålsdag i grendahuset. Levande lys. Middagsgjester. Gåvekaos. Krangling med familiemedlemmar. Askepott og nøttene.
På med skia og ut i snøen.


Velsigna Julehelg!

lørdag 11. desember 2010

Julestemning

Å, kor digg det er med juleferien som kom så tidleg i år!





No har eg vore på ein særdeles avslappa julehandel, handla inn klede til diverse julesamankomster med familie og vener og høgdepunktet var på ein sukkersøt kafé med ei enda søte
re venninne.





I skrivande stund kjem det store kvite fnugg i frå himmelen som legg seg som eit kvitt teppe over heile byen, vakkert er det.

tirsdag 7. desember 2010

Nikolaustag


I går sat eg på skulen med hovudet fullt av tyske gloser, studentane rundt meg skreiv som blekket spruta og dei eldre eksamensvaktene vakta oss med haukeblikk.




Då universitetslæraren vår kom på trøysterunde la ho ein sjokolade på pulten min. Det har seg nemleg slik at ein feirer Nikolaustag (Julenissen sin dag) i Tyskland 6. desember.


Nissen kjem på besøk denne dagen og ikkje 24. eller 25. desember
(godt Nissen fordeler arbeidet over fleire dagar :)

søndag 5. desember 2010

Sliter du med studiene?



No i desse dagane kan eg med hjarta i handa seia at eg slit med studiene. Det har seg slik at innan ei lita veke skal hjernen min pressa ut den informasjonen som er relevant til dei fire eksamenane eg er meldt opp i. Kvifor vil eg meg sjølv så vondt og kvar kjem dette til å enda?

Dei siste månadene har eg slurpa i meg uvisse antal kubikkmeter med varm drikke i ulike bruntonar. Då eg kjøpte meg nokre desiliter til for spe på kubikkmetra kom eg over teksten:
"Sliter du med studiene? Forvil ikke!"





Denne trøystande teksten handla om Condé Montrose Nast som utdanna seg til j
urist, men fann seg ikkje tilrette med dette.

Ei livslang historie fortalt svært kort byrja han som annonseseljar og enda opp med å eiga Vanity Fair, House & Garden og Vouge, alle store magasin verda over.

torsdag 25. november 2010

Galningane må ut, opp og fram!

I dag var eg på eit interessant møte om
Ny næring i ledige landbruksbygg.





Mellom anna ordførar, fylkesmann, konsulentar, arkitektar og bønder var samla til informasjon og drøs om temaet.


Det var vist til kva endringar og nye næringsvegar som er gjort per i dag med tidlegare gardar og gardstun. Her kan ein finna alt i frå atelier til serverings- og overnattingsstader.

Andre ideár som dukka opp under møtet, var mellom anna ombygging av gamle låvar til aktivitetssenter for pensjonistar og naust for kajakkpad
larar. Sjå for deg turistforeningens sine hytter, berre at dei ligg ved sjøen.


Utfordringar og gullord var det mange av desse timane. Her er mine favorittar:




"Ut med sau og saft,
inn med cider og kraft!" (viser at jordbruket er i endring, her i frå saue- og saftproduksjon til cider- og kraftproduksjon)


"Galningane må ut, opp og fram!"
(hadde ikkje des
se eksistert, så hadde me nok vore i steinalderen per i dag)

tirsdag 23. november 2010

Eksamenstid

Eksamen nærmar seg med stormskritt, kva er vel då betre enn å reisa heim til ho gode mor og han spreke far for pleie og omsorg?


Dagane går for det meste i lesing, men eg har og vore på Quiz på det svært så lokale grendahuset, konsert med strykarar og på kafé med mi kjære venninne og vesleguten med smilehola.




Niesa
mi var ei av gjestesfiolinistane på konserten.
Bilete her er teke i frå onkelen sitt brudlaup i sommar.


Ei nydeleg
jenta og eit
vakkert
instrument!

søndag 19. september 2010

Back to school



Då vart det ei roleg helg på meg i storbyen. Då arbeidet med oppgåver har hopa seg opp, har det blitt ein fin dag med ein liten rusletur i marka før eg lenka meg til bøkene, fann fram inspirasjonen, word og ei stor mengd med svart, varm og velsmakande drikke.

No er det berre å få dei rette orda ned på papiret...




...skrivekløe kom til meg!

tirsdag 14. september 2010

Jotunheimen




I helga var me ein gjeng som tok turen til Jotunheimen. Me vandra over Besseggen og Knutshø i tåke, sol og regn. Kort oppsummert: Lang biltur, teltliv, båttur, bading og god mat.




Ein flott tur med ein nydeleg gjeng!

torsdag 9. september 2010

Haust




Dei siste dagane og vekene har det vore upåklageleg vér i Trøndelag. Dette må utnyttast med å vera mest mogeleg ute i det fri og då lokkar både skogen og fjella. Sist helg var ei venninne og eg på tur. Me pakka sekken og bila avgårde til Rennebu. Der fann me toppar å bestige, blåbær, molte og reinsdyr.

Ein vellukka tur :)

onsdag 1. september 2010

Sommar 2010


I sommar vart det tur med KRIK Villmark i Fitjarøyane. Fine dagar i kajakk med bra folk, god mat, gode historier, avkobling og fine naturopplevingar.



Det vart baka brød på bål og me fekk brynt oss på ulike knuter.
Takk for turen!

mandag 30. august 2010

Ute



Ingenting er som impuls handling der ein vel å sova ute sjølv om ein må nå forelesning dagen etter.
Midt i nattas mørke traska me eventyrlystne ut i skogen på jakt etter den perfekte soveplassen. Nattorientering er ikkje heilt enkelt, men månen lyste veg og me la oss nøgde og trøytte i soveposen.





Det er godt å leva når ein blir vekt av ei varmande sol og alvedans over vatnet.
Idyll
.


fredag 27. august 2010

Roadtrip


M
in første bil skal frakta min kjære kajakk nordover til studiebyen i helga. Nå er bilen pakka og klar for ferda. Eg må innrømma at det er meir kajakk med bil enn omvendt. Dei siste dagane har gått til mekking av bilen og dette har ført til at lydpotta lagar ikkje rånelydar meir og holet i bagasjerommet er tetta. Dessuten er det fjerna ei mengde rust her og der.

No ser eg fram til roadtrip med Synneva :)

Arbeid




I sommar eg hatt ein fin fin jobb på garden der eg har lagd skifer i frå Voss på garasjetaket. Diverre vart eg berre ferdig med ei side, men over 1000 stein vart det lagd og papen er nøgd med arbeidet.
Ingenting betre enn det!

søndag 1. august 2010

Skitt fiske



I helga tok eg meg ein tur til ei venninne som ferierte på hytta med familien på Karmøy. Me fiska, satt ut krabbeteiner, åt god mat, padla og prata skit. Skikkeleg koseleg var det!

fredag 30. juli 2010

Late dagar


I går handla me roser til mamma sin hage. Roser må vera noko av dei finaste blomane som finnest, og godt luktar dei. Då det regnar ute, er det godt at eg har ei hengekøye på soverommet. Fint er det å slappa av med ei god bok og utsikt mot havet.

Hylleskap

Hylla mi har vore trekvit og eg har i 2 år tenkt på at denne ville eg mala kvit. Tida har gått, men i sommar har me hatt eit perfekt vér for slike oppussingsprosjekt. No heng han fint på veggen og rommar mellom anna bøker, koppar og diverse stein og skjel som eg har funnet på mine mange reiser.




Treknottane byta eg ut med porselensknottar i frå IKEA


Oppussing



Foreldra mine bur på ein gard i eit hundre år gamalt hus...då vart det på tide med ein aldri så liten utskifting av ytterveggen. Gøy er det å sjå korleis det ein gong har vore med lafta tømmervegger og brakebuskar vart nytt til isolasjon.


tirsdag 27. juli 2010

Solnedgang







Eg trur at mine foreldre bur på ein av dei vakraste stadane i landet. Solnedgangane kan ein i alle fall ikkje seia noko på. Magisk er det og huset ligg berre eit steinkast i frå sjøen.


Bakst



I dag har det vore ein fin dag sjølv om sola berre viste sitt blide åsyn inne i mellom. Dagen har mellom anna gått i legging av takstein, maling av garasje og bakst.

tirsdag 20. juli 2010

Tid for te


I dag har regnet piska mot ruta og store delar av dagen har gått til tid inne i godstolen med tekoppen. Dagen minna svært mykje om ein typisk haustkveld. Bursdagen min fekk eg denne fine koppen i frå den snille søstera mi. Kunstnaren bak er Sarah Reed i frå Stord.








mandag 19. juli 2010

Liten kuling




Hetebølgja herjar i Europa, medan me frys i kalde nord. I helga skulle Stord Rundt gå av stabelen for andre gong, men vinden satt ein stoppar for det heile og me måtte avlysa heile turen. Trist, men tryggleik kjem fyrst.

Bilete tok eg i vår av ein padlekompis. Flink er han :)

fredag 16. juli 2010

Sommarjobb


På ein gard er det mykje å gjera og det blir aldri tomt for arbeidsoppgåver. Bilete viser mitt fadderbarn som var på besøk hos oss i frå Tyskland. Sjølv om han er liten, er han litt av ein arbeidskar!

onsdag 14. juli 2010

Kjærleiken er tolmodig...




...i brudlaupet til broder'n og svigerinna mi var det fleire rundar med posering framfor kameraet, tolmodige var dei :)

Familie og vener var samla til ein fin fest i ein stor hage. Godt var det at sola viste seg heile dagen.

tirsdag 13. juli 2010

Wild love




I sommar har eg vore gjest, songfugl og fotograf i to brudlaup. Begge dagane skein både brura og sola om kapp.
Her er bilete i frå brudlaupet til gode vener.


De er så vakre og vene!