torsdag 25. august 2011

Du skal ikkje sova bort sumarnatta

Sjølv om kalenderen syner slutten av august og hausten truar med sine tunge skyer og dropar, er eg ikkje heilt klar for å gje slepp på dei lange lyse sumarkveldane. Denne sumaren har gått så altfor fort sjølv om eg har hatt mange fridagar og få jobbdagar. Høgdepunkta er mange: Eg har løpt etter villsau, plukka blåbær, sove under open himmel, padla, hatt tid til den gode samtalen, ledd til magen gjer vondt, ete reker, is og jordbær. Flykta frå sommarregn, smilt om kapp med sola og høyrt måkeskrik og plasking.



Imponerande steinhytter på Hardangervidda

Det vart bruk for 'Girlcard' på padletur

Stillheten etterpå

Solnedgang i Søgne

tirsdag 14. juni 2011

Sommarferie

Endeleg vart det ein etterlengta ferie etter to travle månader for studenten. I dag har regntunge skyer herja over øya, men minnet er framleis ferskt med sommarslege aktivitetar...




..me har øvd oss på slakk-line mellom dei gamle kirsebærtrea. Tigergutt har lært seg å klatre og me har padla forbi kvite strender. Denne sommaren lover godt!

onsdag 23. mars 2011

Vårteikn


Sjølv om eg er glad i vinteren (les: gode snøforhold, fri til å dra på fjellet, varme drikker og ullklede) lengtar og eg etter varmare vér og lange lyse dagar. Det er fantastisk å vakna med lyset som snik seg inn på soverommet. Då eg brukar mykje av tida ved skrivebordet og datamaskina har eg like godt teke med meg naturen inn til inspirasjon og glede.


mandag 21. februar 2011

Februar


Tja, februar er ikkje heilt til endes, men det føles nettopp slik. Dagane går i studier og jobb, men titt og stadig tek eg turen til både 700 m.o.h og 0 m.o.h.

Fortsettelse Januar


Møte med (skog)kongen, vinterboccia og taklegging over sagbruk

Januar

Tida går så altfor fort når ein har det gøy.

Den for mange mørke og kalde januar har flydd forbi med mange fine stunder i Noreg sin fjellheim.

Skitur med påskestemning

Skitur med mykje vind

Berre velstand


søndag 9. januar 2011

Blanke ark

Det er så fint med årsskifte! Då starter i alle fall eg med nye kvite ark i hovudet. Nyttårsfortsetta kjem på rad og rekke. Tenk alt eg skal gjera i 2011...planane er det ikkje noko å seia på. Bokprosjekt, flink student, trening, sunnare livsstil, reiser, skiturar, padleturar, osv.

Velkommen 2011 skal du vera!





Bilete er i frå MS Nordlys før jul. Ho frakta oss trygt fram frå Trondheim til Bergen i ruske vér. Litt for tøft for magen :P